Elise Fiske tek over rolla som dagleg leiar etter Arnfinn Ingjerd. Styreleiar Dag Vikestrand har stor tru på den nye leiaren.

Elise (26) blir ny leiar for Maritimt Forum Nordvest

1. mars trer Elise Fiske inn i rolla som dagleg leiar for Martimt Forum Nordvest.

Publisert Sist oppdatert

– Me er overtydd om at Elise vil vera ei sterk og tydeleg stemme for den norske maritime næringa, med hjelp frå alle dei 130 medlemsverksemdene me har i nordvest, seier styreleiar i Maritimt Forum Nordvest, Dag Vikestrand.

26-åringen kjem frå Fræna, men er busett i Ålesund. Ho har erfaring frå ulike stillingar i helsevesnet kombinert med tidlegare politisk engasjement både lokalt og regionalt. Det har gjeve ho god kunnskap rundt politiske prosessar og eit stort nettverk, skriv Maritimt Forum Nordvest i ei pressmelding.

– I vår havregion er dette ein draumejobb. Eg gler meg til å dela kunnskap og framsnakka sentrale politiske tema som gjer ein forskjell for martim næringsvekst framover, seier den nye leiaren.

Ho tek over etter Arnfinn Ingjerd, som har hatt stillinga i snart 14 år. I ein overgangsfase fram mot sommaren 2023, vil Fiske og Ingjerd jobba saman. Fiske vil og samarbeida med eit samensett styre med brei erfaring og kontaktflate.